1. aug. 2020

Rjukan Admini

Akkurat ei veke sidan me køyrde frå campingen i Dalen, gjekk ein tur opp til Falkenuten før me så kom til Rjukan og Rjukan Admini. Bygget blei reist av Sam Eyde i 1908. Eyde var grunnleggjaren av Hydro, og fram til 2015 blei bygget fyrst og fremst brukt ved Hydros styremøte og som stad for fine besøk. Sidan 2015 har Rjukan Admini vore ope for vanlege gjestar, og hotellet er ein del av De historiske. De historiske er ei samanslutning av historiske overnattingsplassar og restaurantar i Noreg, til dømes Kronen Gaard der me hadde bryllaupsfesten vår. Me fekk eit koseleg rom i tredje etasje, og eg berre måtte ta eit bilete av dei sjarmerande, om enn noko på skrå, illustrasjonane av ei høne og ein hane. Sola skein inn og laga fint skuggespel på den eine trappeveggen.


Titta inn i restauranten og stova får å få eit lite inntrykk. Borda var dekte til middag, og det var eit historisk sus over romma. Ute var det kanonflott vêr, dimed nytta me sjansen til å ta med kvar vår bok ut i den flotte hagen. Sitje der og berre slappe av, ikkje traske rundt eller køyre meir i bil (for det har blitt nokon timar i leigebilen). Veit ikkje kor lengje me sat der, men ferietid er noko heilt eige. Å gløyme tida for ei lita stund. Berre oss, det grøne graset, ein god stol og ei herleg bok.

Legg igjen ein fin tanke