18. aug. 2020

Spennande, svensk krimserie

Av og til blir ein rett og slett hekta på ein bokserie. Krimboka Skyggejegeren av Camilla Grebe fekk gode meldingar tidlegare i år, og eg sette meg difor opp på ventelista. Eg likte den godt, herleg spennande og nervepirrande. Sidan den er den fjerde boka i ein serie, fann eg ut at eg skulle lese dei eldre bøkene også. Når isen brister er den fyrste i serien medan Husdyret er bok nummer to. Eg har tidlegare lese serien Grebe har skrive i lag med systera, Åsa Träff, og begge seriane er bøker eg har kost meg med å lese. Gleder meg allereie til å etter kvart lese Dvalen, lese den tredje boka.

Legg igjen ein fin tanke