23. aug. 2020

Tilbake på jobb, gråvêr og bryllaupshelg

Og i går fekk dei endeleg seie "ja" til kvarandre. Bryllaupet skulle eigentleg stå 6. juni, men på grunn av "you know what", måtte dei utsette vigsla og festen. Ikkje berre ein, men to gongar. Så det er veldig kjekt at dei no endeleg kan kalle kvarandre mann og kone! Eg hadde med meg kameraet og fekk tatt eit par bilete innimellom, men med både speling og forlovarrolla, hadde eg nok å halde styr på ;) Elles denne veka var eg på jobb dei tre fyrste dagane (slutten av kveldsskiftet som då går frå onsdag til onsdag). Kjekt å sjå kollegaene mine igjen, og litt greitt komme i gong med kvardagen. Dei fyrste dagane var det herleg seinsommarvêr ute, medan dei dagane eg hadde fri, var det noko som kunne minne om storm. Eg har difor lese både ute på balkongen og inne i stova, alt etter vêret. Kva anna har eg gjort denne veka? Eg tenkjer sundagslista skal få oppsummere det:

✦ lese endå ei Christie-bok, gleder meg kvar månad til å plukke fram ei av bøkene hennar
✦ nydeleg blomebukett med gamle fly i bakgrunnen – kjempestilig med vigsle på flymuseet
✦ "10 Jobs For Wombats" – tihi, vombatar er så artige
✦ og her, både ein koala og ein vombat, kan det bli søtare?!
✦ både han og eg syntest det var kjekt å spele på instrumenta våre igjen etter ein lengre pause
✦ høyre på musikken til Markéta Irglová, musikken hennar er balsjam for sjela
✦ sitje ei lita stund ute på balkongen og lese før jobben
✦ temaet frå The Godfather i ein nydeleg celloversjon
✦ god mat, kaker, talar, fine folk og herleg stemning ute på Tungenes fyr
✦ eigentleg heile dagen i går, for eit flott par og ein magisk dag
✦ fortsetje å sjå sesong to av The Umbrella Academy, karakterane er så herlege
✦ Gabriela Mistral vann Nobelprisen i litteratur i 1945, og i august har eg lese fleire hennar dikt
✦ når det blir trygt å reise igjen: "Fem av Storbritannias beste togreiser"
✦ god bok i handa inne medan det bøtta ned ute (og då meiner eg verkeleg bøtta ned)
✦ "Just one more chapter before bed" – hi, hi, må le bittelitt av denne søte pusen
✦ sundagsmiddag heime på Sola
✦ trur Zalo tenkjer "I'm the king of the world" når han set seg på hovuda våre ;)
✦ setje på Hovedscenen: Oslo-Filharmoniens sommerkonsert

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Håper dere hadde det herlig i bryllupet ♥ Både med forloveroppgaver, spilling og feiring av paret som endelig fikk hverandre ;) Den trøtte kattungen var bare ursøt, linken til togreisene i England er nå lagret, og du er virkelig flink å lese bøker. Må si jeg er imponert ;)

Silje sa...

Bryllaupsfeiringa blei kjempefin, og eg trur brudeparet fekk ein minnerik og flott dag ♥ Spelinga og forlovarrolla gjekk i alle fall bra :) Det med lesinga, det er slik det er ;) Bøker har alltid vore ein stor lidenskap og min aktivitet når eg skal slappe av, håper eg aldri mister lesegleda!

Legg igjen ein fin tanke