7. aug. 2020

Furulund pensjonat

To veker går fort, og på onsdag byrja me på reisen heim til Stavanger. Florø, Sogndal og Aurland har vore overnattingsstopp, og i morgon er me heime igjen. Eg veit eg allereie har skrive det, men eg har ikkje stressa med å blogge, og bilete med mykje av det me har opplevd, kjem til å dette inn her litt etter litt. TTT – ting tar tid ;) Denne fredagen blir det eit lite innlegg om vegen frå Rjukan til Valdres og om eit lite pensjonat. Ute var det grått, grått, grått. Innimellom var det vanskeleg å sjå vegen på grunn av den tjukke tåka. Me tok det med ro og brukte den tida som måtte til. Eg tenkte med meg sjølv fleire gongar at "no er me inne i sjølvaste Tåkeheimen og Trollskogen".


Plutseleg var me framme i Røn, Fagernes. Tåka var borte, og Furulund pensjonat stod der så fint. Det var mannen min som hadde funne denne overnattingsplassen på nettet, og me kjem gjerne tilbake. Søte rom med gamle detaljar, sollys som skinte inn på ei gamal kiste under trappa og ein koseleg sitjeplass ute om kvelden. Noko som var veldig koseleg (og eit artig samantreff) var at eit venepar av oss var på ei hytte i Røn, samstundes som me var på Furulund. Dei kom innom pensjonatet ein times tid før middag, og det blei kaffi, prat og latter i den koselege stova.


Inne i stova var det som å komme inn i ei hytte. Tida stod stille, og me fann ei ro her med kvar vår bok etter middagen. Bestefarsklokka tikka, elles var det nokså stille. Maten og servicen ved pensjonatet var ypperleg, og me hadde glatt tatt ei overnatting til. Inne i salen der me åt, måtte eg titta litt ekstra på dei gamle kaffikvernene. Og på toalettet ved resepsjonen titta eg litt ekstra på desse plansjane om sopp: i middagen som me fekk servert, var det blant anna heimeplukka sopp! Etter frukost dagen etterpå, var det tid for å vinke farvel til denne koselege, lille perla.

Legg igjen ein fin tanke