12. aug. 2020

Ålesundstur og dagar på Sjøholt

Alltid like koseleg å stikke innom stamkaféen vår i Ålesund. Me var der ikkje i fjor, og difor var det litt ekstra kjekt å få til ein tur no i sommar. Tante Bruun har god mat, super kaffi, hyggelege tilsette og ikkje minst den koselegaste atmosfæren og retroaktig stil! Heile byen med sin jugendstil er unik, ein stil som var i vinden i 1904 då dei måtte byggje byen på ny etter den store bybrannen.


Sjølv om me ikkje fann noko som kunne passe her i heimen, var det artig å gå rundt på Trankokeriet Antikk og berre sjå på alt det gamle, rare og fine som finst i den butikken. Utanfor det eine vindauget sat det fleire måker, og to av dei stod heilt inne eit hjørne. Litt søte er dei no. Solnedgang og solskinsdagar, lesing ute dei få dagane det var ordentleg sommar, og det same med isen (at me var ute i sola og åt i staden for inne). Kjempegod sjokoladeis og bringebærsorbet frå Storfjord, omtrent rett borte i hogget. Sommardagar på Sunnmøre mykje lesing og hygge.

Legg igjen ein fin tanke