1. aug. 2020

Utsøkt mat og historisk stemning

Maten ved Rjukan Admini var utsøkt. Ei krema blomkålsuppe til forrett, andebryst med gode grønsaker til hovudrett og sjokoladefondant til dessert. Heilt ypperleg! Frukosten dagen etterpå kunne me heller ikkje klage på med godt grovbrød, like gode croissantar og diverse pålegg. Kaffien blei servert frå ei sølvkanne. Ser du forresten den hemmelege døra? Så mange artige, gamle detaljar: ein flott, gammal skjenk, kvit porselensfigur og forskjellige glas inne i eit vitrineskap.


Om kvelden, etter middagen og desserten, henta me bøkene våre og sette oss i finstova. Koseleg å sitje der og lese. Senke skuldrene, titte litt på bokhyllene, den koselege stemninga frå stearinlysa i dei kulaste kronene (hi, hi, nesten som å vere på eit slott eller på kongssetra), dei utskorne detaljane på møblane, blondegardiner og den store peisen. For ein plass og for ein atmosfære!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Det her så virkelig ut som en herlig opplevelse, og noe som vi hadde likt ;) Jeg elsker den gamle herskapelige stilen, og spesielt hvis det finnes en peis man kan nyte en god bok framfor ;)

Silje sa...

Rjukan Admini er ein kjempefin plass å vere om ein ville unne seg noko ekstra, noko med sjel og historikk. Å lese foran stearinlys og ein stor, flott peis, vel, eg klagar ikkje ;)

Legg igjen ein fin tanke