16. aug. 2020

Blomar, bøker og ei bra veke

Sommarferie heime. Me har vore heime ei veke, og me har hatt ferie. Eller, det vil seie, eg har hatt heilt fri, han har vore innom kontoret eit par dagar for å førebu seg til forelesning og nytt skuleår i morgon. I løpet av desse dagane har eg fått lese mykje, både ute på balkongen, i den botaniske hagen og på båten til Sør-Hidle. For høgdepunktet denne veka var å ta turen til øya i Ryfylke, til Flor & Fjære. Det har vore ein draum lenge, og så nydeleg som det er der ute, tok eg mange, mange bilete. Hi, hi! Kanskje eg må dele bileta inn i to innlegg, me får sjå. På onsdag sat eg og las i den botaniske hagen, eg såg ferdig Anne with an E ein av dagane og jepp, tårene rann. Å, eg skulle ønskje det var fleire episodar! I går fann me fram instrumenta våre, for om ei snau veke er det bryllaup og me skal spele i vigsla. Stas! Hiv o' hoi, jobb i morgon, men fyrst ei lita oppsummering:

✦ starte dagane med ein ekstra kopp med kaffi
✦ herleg med ei veke her heime med bok i fanget fleire timar kvar dag
✦ Alicia har sydd eit kjempefint og herleg sommarplagg
✦ spennande ny krimbok: Ødemark av Stina Jackson
✦ lage trykksaker til bryllaupet der eg skal vere forlovar
✦ høyre heile albumet frå filmen Saving Private Ryan medan eg sat og las
✦ David Tennant, Michael Sheen og Judi Dench, dei er så morosamme i lag, berre sjå her og her
✦ endeleg få besøkt Flor & Fjære
✦ alle blomane i den botaniske hagen, og det var herleg å sitje der på ein benk og lese
✦ sjå ferdig Anne with an E – Anne og Gilbert fekk kvarandre til slutt (no skal eg sjå filmane igjen)
✦ iskaffi og lesing ute på balkongen ein av dagane
✦ spele "Scrabble" i lag med mannen min og broremann
✦ hunden Bailey, bittesmå kaninungar og ein undulat – så himla søte i lag
✦ byrje på sesong to av kulaste The Umbrella Academy
✦ diggar dei to nye vassglasa frå Reinglass
✦ søte andungar på rekke og rad som alle skal gjere sitt fyrste hopp
✦ ete laurdagspizza og le høgt av Johnny English Strikes Again og Taskmaster
✦ kjekt å ta fram instrumenta og spele litt i lag, han fine og eg
✦ Et katteliv med to kjempefine innlegg: bilfeire i Lofoten og eit ordentleg sommarinnlegg
✦ sidan me ikkje kan reise på ein lengre togtur i år: eg har kost meg med boka Orientekspressen
✦ hente ein haug med bøker på biblioteket

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Gode du! Takk for at du deler ♥ Og for en fantastisk liste! Den strandkappa var jo bare råfin! Fikk lyst å sy en sånn selv umiddelbart. Haha, for en artig youtubevideo! Heldige du som har besøkt Flor & Fjære (jeg er bare pittelitt sjalu ;) ). Scrabble er det beste spillet, og den slutten på Anne With an E ♥ Helt magisk, rett og slett! Takk for at du lager disse fine søndagslistene Silje ;) Jeg blir så glad når jeg leser de. Varm klem til deg.

Silje sa...

Har du sett filmane frå 80-talet med Anne of Green Gables? Viss ikkje, anbefaler eg dei varmt! Eg liker serien, og slutten synest eg var veldig fin, men det er eit eller anna med dei filmane der Megan Follows speler Anne ♥ Kjem alltid til å dele fleire av dine innlegg i desse sundagslistene mine, for eg finn så mykje glede i bileta og tekstane dine, fine deg ♥ Fleire bilete frå Flor & Fjære kjem, ver du sikker ;) Klemmar rett tilbake!

Legg igjen ein fin tanke