
Førre gong me køyrde ned og opp Geiranger på veg til svigers, var for fire år sidan. No har dei utbedra den kjempeflotte utkikksplassen Dalsnibba. Dette er Europas høgste fjordutsikt frå bilveg, heile 1500 moh. Utkikksplassen er fint laga til med parkering og eit slags platå med ein liten butikk og sjølve utkikssplassen med glasgjerde rundt. Stilig å sjå den svingete vegen me nettopp hadde køyrt på veg opp til Dalsnibba, og den like svingete Ørnevegen opp frå Geiranger mot Eidsdal.
Vind i håret og litt regn, men det stoppa ikkje oss frå å gå opp trappetrinna og verkeleg nyte utsikta blant høge fjell. Fascinerande å sjå små setrar langt oppe i fjellsida på veg ned mot Geiranger (lurer på om eg tok bilete av den same plassen førre gong me var der). Få cruiseskip å sjå inne i fjorden i år, men det var no eit som låg der, trur det var Hurtigruten. Ein kjempebra dag på biltur!
Legg igjen ein fin tanke