5. aug. 2020

#denfinasteutsikta

Vinka farvel til denne utsikta i dag tidleg. Trass i noko gråvêr, fekk me oppleve den flottaste solnedgangen. Slik me ofte gjer når me er her oppe. "No ser eg atter slike fjell og dalar" eller "Å, vestland, vestland". Vel den strofa du synest passar best; eg synest dei passar like bra begge to. For det er noko med denne utsikta som eg ikkje klarer å skildre med ord, ein må oppleve den sjølv! Emneknagg #denfinasteutsikta, i alle fall i mine auge ;) Takk for no, svigers og Sunnmøre.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Åååå, så vakkert ♥ En gang skal vi ha sommerferien på vestlandet! Og jeg gleder meg!

Silje sa...

Like vakkert og magisk kvar gong me er der ♥ Trass ein del regn og tåke: Vestlandet kan vere ganske så fint!

Moder'n på Møre sa...

Nå skal jeg straks ringe og høre om dere er kommet velberget til Stvg! Tusen takk for besøket, til deg og min "minstemann". Håper turen sørover gikk fint. Og vi sitter igjen her med den fine utsikta, vet du - den forsvinner ikke :-) Skjønt, i dag har det vært ganske så grått i lufta - pøsregn innimellom! Men til i morra er det meldt sol, og da ligger jo fjorden der så flott med de høge fjella rundt. Vakkert ja!

Silje sa...

Turen til Stavanger gjekk bra, og me hadde ein fin køyretur gjennom det vestlandske landskap. Den utsikta er like vakker kvar gong (sjølv om den er aller mest vakker bada i den gylne solnedgangen). Takk for at me fekk komme, klem frå oss begge to! :)

Legg igjen ein fin tanke