Balkonglivet. Ferielivet. Sommarlivet. Herleg å kunne sitje ute på balkongen og slappe av med gode bøker. Foreløpig er vêret her i byen kjempefint, sola steiker og eg drikk vatn og iskaffi. Ikkje samstundes, altså ;) Innimellom set eg meg inn i stova for å kjøle meg ned, fiksar litt til bryllaupet neste helg. Tenk, det er berre halvanna veke igjen til eit venepar av oss giftar seg, og eg skal jo vere forlovar! Stor stas! Men no tenkjer eg at eg skal ut på balkongen for å lese litt meir.
Legg igjen ein fin tanke