14. aug. 2020

Kråvatnet

Kveldstur på fjellet. Opp til eit vatn, berre oss to. Den fyrste heile dagen hos svigers, var det noko grått på formiddagen, men på ettermiddagen skein det opp, og me ville gå ein kveldstur. Målet var Kråvatnet. Byrja turen med å gå på ein grusveg før me kom opp til grønt gras, høge fjell og seterliv. Ser du trollbittet på det øvste biletet?! Tenk å sitje på steintrappa ved den lille, raude hytta og ta ein pause. Kjenne fjellukta, la tankane vandre. Flott oppe på Ørskogfjellet, og også langs denne turen (vel å merke langs grusvegen), måtte me stoppe for å beundre vatnet som rann i stor fart.


Oppe ved vatnet fann me verkeleg roa, måtte berre jage vekk knotten fyrst. Ein kopp kaffi, ein sjokolade på deling og kvart vårt lesebrettet. Så herleg å berre sitje ved vatnet ei stund i fred og ro.


Lyset over fjelltoppane og sollyset som skein gjennom skyene før solnedgangen tok til. Nok ei gammal seter, ei som gjekk i eitt med landskapet. Og me såg plutseleg ein frosk på vegen ned. Før me køyrde tilbake til svigers, stoppa me ein ekstra gong, traska ut på ein (litt) myrete sti og kom oss bort til Dynjafossen. Å kunne vandre på fjellet, ta ein pause, eg er takksam for slike stunder.

Legg igjen ein fin tanke