2. aug. 2020

Omtrent ei heil veke hos svigers

Mange forskjellige bilete å dele denne veka, og eg kunne enkelt ha funne fram ti til. Me har nemleg gjort litt av kvart denne veka, alt frå å køyre i leigebilen fleire timar til å berre vere inne i stova og lese i kvar vår bok. Høgdepunktet må vel kunne seiast å vere turen ut til fugleøya Runde. For eit nydeleg landskap, og lundefuglane var på plass! Eg gleder meg til dele bilete frå den turen her på bloggen, og alt det andre: fjelltur, køyretur, Valdresflye, seterliv. Mykje natur med andre ord, men me har også slappa av her med kaffi, ein tur til Kyrkjetorget og Devoldfabrikken, laga eit par middagar og slappa av. Ei veke på Sjøholt med dei høge fjella, svigerfamilien, solnedgangen, naturen og berre ha ferie. Ute har det vore noko grått i dag, så me har tatt det med ro inne med (for det meste) lesing, fiksa bilete frå ferien og sett på ein krimserie. Okei, her kjem sundagslista:

✦ likte godt julebøkene til Baggot, og koste meg også med Those Summer Nights frå finaste Korfu
✦ køyre over Valdresflye og alle svingane ned og opp Geiranger på måndag
✦ hunden Bailey i lag med ein nysgjerrig kattunge
✦ gå ein kveldstur opp til Kråvatnet i herleg sommartemperatur, drikke kaffi og lese
✦ koke syltetøy av bringebæra me plukka tidleg denne veka
✦ sitje ute i sommarklede, lese ei kjempegod bok og kjenne sola varme i andletet
✦ Alicia har laga stilige glasunderlag av lær og hekla ein kjempefin kant rundt dei
✦ stoppe innom Fossheim steinsenter då me køyrde gjennom Lom på veg til svigers
✦ nyte god, lokal is i sola, kjøpt på lokalbutikken Stolt mat
✦ køyretur ut til Langevåg og Devoldfabrikken, kafébesøk og kule vimplar på same plassen
✦ Resirkula, landet fyrste gjenbrukssenter i Hamar – diggar denne idéen
✦ heimelaga latte og nydeleg, lita poesibok av Trygve Skaug
✦ ein herleg godstol i den eine stova her hos svigers
✦ hint av sommartemperatur når ein kan ha på seg prikkete ankelsokkar og guloransje skjørt
✦ Jonna ute med ein ny video
✦ stikke innom Kyrkjetorget der eg blant anna såg ein stol i ein flott petroleumsblå farge
✦ tur ut til Runde: vakkert landskap, fine lundefuglar og stilig med tåka som laga ei trolsk stemning
✦ Elsa må jo vere den aller søtaste koalaen, berre sjå her
✦ kaffi i favorittkoppen medan sola skein inn på kjøkkenet
idyllisk seterliv med både sauar og geiter blant høge fjell oppe ved Herdalssetra

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

For en kjempefin og sommerlig søndagsliste ;)

Silje sa...

Tihi! Vestlandssommar, altså <3

Legg igjen ein fin tanke