3. aug. 2020

Ferietankar

Regn på ruta. Regn på bakken. Regn på paraplyen. Regn overalt. Stod og såg ut vindauget i går, og ruta var full av regndropar. Det skiftar fort, for dagen før var det sol og nærmare tretti gradar ute. Me slappar av og koser oss uansett. Bok ute i sola, bok inne med ein kaffikopp i handa. Atlanterhavsparken og favorittkaféen blei besøkt i dag, og kva me gjer i morgon veit me ikkje enno. Ferietid gjer noko med tempoet, nokre av dagane er litt "hakuna matata".  Eg trur me treng det.

Legg igjen ein fin tanke