10. aug. 2020

Vakre Valdresflye

Måndag og ny veke. Eg har tatt det heilt med ro, for me har jo ei veke til med ferie før det er tilbake til kvardagen. I løpet av dei to vekene me var på bilferie, køyrde me fleire fjellovergangar. Totalt finst det 18 såkalla nasjonale turistvegar, på denne turen køyrde me på fire av dei (og halve Geiranger-Trollstigen). Valdresflye var ein ny veg for oss, og det var ordentleg kult å køyre frå Garli til Hindsæter og så til Lom. Dagen før var det som nemnt full av regn og tåke, men då me køyrde frå Furulund pensjonat, var det ganske greitt vêr. Me såg ikkje fullt så mange tyske bubilturistar i år, men desto fleire norske. Ein flokk med fine kyr møtte me også ;) Hugsar ikkje nøyaktig kor me stoppa, men det er laga til eit par flotte raste- og utsiktsplassar, og berre sjå så vakkert!


"Å byggje vegar i fjellet var med på å binde dei forskjellige delane av landet saman. Fleire fikk oppleve fjellet, og vegane var til stor nytte for stølsdrifta. Dei fleste fjellvegane i Norge har altså heilt frå dei vart bygde vore viktige for reiselivsnæringa, og gjort det råd for oss å kome oss til fjells på ein enkel og trygg måte. Valdresflya er eit godt eksempel på ein slik veg." (sitatet er henta frå nettsida om dei forskjellige turistvegane). Langs dei nasjonale turistvegane er det ikkje berre flotte rasteplassar og natur, men også kunst og historiske minne. Kanskje målet vårt skal vere å køyre langs alle dei atten ein gong?! Fossar, høge fjell og krokete vegar, hi, hi, det såg me nok av i løpet av bilturen vår. Det kjem nok tydeleg fram i fleire av innlegga mine framover ;)

Legg igjen ein fin tanke