19. aug. 2020

Geitene på Herdalssetra

Geiter, altså. Måten dei hoppar på, måten dei mekrar på og det at dei kjem bort og tar kontakt med ein gong. Dei er så søte og nysgjerrige. I løpet av den dryge veka heime hos svigers, kom me oss blant anna opp til Herdalssetra. Dette er ei setergrend i Herdalen i nye Fjord kommune, og ein del av bygga er over 200 år gamle. Her blir det laga geitekaramellar og det blir ysta ost, og utanom korona er det litt småaktivitetar som ein kan vere med på. Me var nøgde med å helse på geitene :) Vêret var heilt supert, og geitene såg ut til å kose seg – berre sjå på dei som låg på steinen.


Sauar såg me også fleire av, men dei var ikkje fullt så interesserte i å ta kontakt. Fine var dei no likevel. Me traska rundt på området, naut vêret, slappa av og klappa endå fleire geiter. Tihi, ei lita stund klappa eg to samstundes, så skjønne! Og så var dei litt artige, dei tre som stod tett inntil ein husvegg og likna dei tre bukkene bruse. Det einaste som mangla var ei bru og eit troll ;)

Legg igjen ein fin tanke