24. aug. 2020

Sogndal Lodge...og eit par andre bilete

Stod opp halv seks i dag tidleg, og eg skal innrømme at det var tungt. Men som eg har sagt mange gongar før: eg kjem nok aldri til å bli ein morgonfugl ;) Jobbdagen var grei, og vel heime har eg lese litt, sett Taskmaster og ete middag. På veg sørover då me skulle heim frå sommarferien, overnatta me i Florø, i Sogndal og i Aurland – me brukte med andre ord god tid. I Sogndal fann me eit lite rom hos Sogndal Lodge & Guiding, og her var det ordentleg heimekoseleg. Eller nærmare bestemt hyttekoseleg! Om kvelden sat me og las i lesekroken og hadde rett og slett ordentleg feriekjensle.


Sogndal Lodge & Guiding er som ein slags liten vandrarheim kor ein deler bad med dei tre andre romma og lager maten sjølv på eit felles kjøkken. Det som var litt artig, var at ho eine veninna mi skjønte kor me var frå eit bilete eg sende ho, og ho kunne fortelje at dei som driv staden, var med i programmet Fjellfolk. Måtte jo så klart sjekke ut det, og no har eg sett alle episodane, herleg sakte-TV som ligge ute på NRK Nett-TV. Ein overnattingsplass eg varmt kan anbefale (og sjekk ut dei guida turane dei har om du vil ut på ein skikkeleg oppdagerferd). Medan me køyrde til Florø, stakk me forresten innom Nordfjordeid. Så koseleg med ein klemmekrok sjølv om den nok ikkje blir brukt så mykje i desse tider. Interiørbutikken Tore-Garden som ligg litt utanfor sentrum hadde også ein koseleg krok, og så var det rart å sjå Vestland fylke på eit skilt. For meg vil det alltid vere Sogn og Fjordane og Hordaland, kvar for seg. Og vel, me fekk sett mange, mange fjell på vår veg, men det er no slik det er når ein køyrer rundt om på Vestlandet. På veg til Sogndal var det så stilig lys, både med mørk og lys himmel  og den lille stripa med sol som lyste opp den eine grøne åssida.

Legg igjen ein fin tanke