28. aug. 2020

Trolsk stemning ute ved havgapet

Køyreturen ut til Runde var fylt med ferje, øyer, bruer og smale vegar; det var faktisk berre plass til ein bil om gongen då me var komme oss ut til fugleøya. Me parkerte på hovudparkeringa, og gjekk bort mot stien som tar ein opp til sjølve fjellet. Himmelen var blå då me parkerte, men sidan kom tåka snikande. Stien opp til toppen av fjellet var til tider veldig bratt, likevel koste me oss på turen. Fin utsikt over øya då me nærma oss toppen, og det var ei trolsk stemning då tåka låg over det allereie ville landskapet. Ein vakker lilla blome, ein grøn larve av eit eller anna slag og fleire sauar i det høge graset – Runde har ganske mykje å by på, ikkje berre fuglar i haugevis.


Hovudmålet for turen var som nemnt å sjå lundefuglane komme flygande inn utpå kvelden. Vel oppe på toppen av øya, var det fleire vegar me kunne gå, alt etter om me ville sjå fyrtårnet, andre fuglar eller lundefuglane. Me fann vegen til lundefuglura, og på vegen dit var det tåke, urete landskap og vill natur. Måtte smile litt av lundefuglskiltet som me såg nede på bilvegen og blomane i fjellveggen stakk fram som små, lilla dottar. I løpet av kvelden, letta tåka slik at me i fint klarte å sjå lundefuglane som etter kvart flaug inn med mat. Samstundes låg den same tåka rundt ein av klippane og utover havet, den skapte ei magisk stemning til ein allereie vakker og magisk solnedgang. Å, den kvelden der ute ved havgapet, for eit flott minne og ei unik oppleving!

Legg igjen ein fin tanke