12. aug. 2020

Fargesterke vassglas

Nye vassglas til kjøkkenet. Eg hadde sett meg ut eit par butikkar eg ønskja å besøke før me drog av garde: Fredag i Lærdal og Merete Rein sin glasbutikk i Aurland. Rein er glasblåsar og har eit utsal midt i sentrum. Me overnatta på Vangsgaarden Gjestgiveri og frå der var det berre to minutt å gå til butikken. Så mykje fint der, alt frå vasar og glaskunst til juletrepynt og vassglas. Eg fann desse to glasa som eg fall for. Kule fargar og stilig mønster, akkurat passe store og eg synest berre det er sjarmerande og unikt at glasa ikkje er heilt prikklike i form eller storleik. Slike små butikkar, anten det gjeld mat, interiør, handverk eller noko heilt anna, det er så gøy å stikke innom. Berre sjå, ofte finne noko fint til oss sjølv elle gåver til andre. Støtt slike butikkar når du kan, dei er unike.

Legg igjen ein fin tanke