9. aug. 2020

Norsk natur i regn, sol og kveldslys

I løpet av denne veka har me overnatta på fire forskjellige plassar, fem viss du inkluderer senga vår! Hi, hi, slik er det å vere på reise, besøke vener og slekt og ta seg god tid når ein reiser frå ein by til ein annan. Me starta veka med tur til Ålesund og Atlanterhavsparken. Sidan har me slappa av, me har besøkt slekt i Florø, vore ute i naturen, overnatta på ein kul lodge i Sogndal, traska rundt i Gamle Lærdalsøyri, køyrt på vegar omgitt av vilt landskap og i går kveld kom me heim. Heimen vår, for du veit kva ein seier..."borte bra, men heime best". Me stressar ikkje med å pakke ut alt og få alt på plass sånn med ein gong, me har faktisk ei heil veke til med ferie ;) Som du sikkert skjønner, har eg mykje fint og kjekt å dele også denne ferieveka, og som vanleg kan du lese alt i ei lita liste:

✦ lyset då me rasta ved Nesflaten i går, solskinet over fjellet var heilt magisk
✦ køyre dei nasjonale turistvegane Aurlandsfjellet og Ryfylkevegen
✦ liten kattunge som på sitt vis prøver å muntre opp hunden Bailey
✦ lese endå ei bok av Baggot, for dei er så koselege, humoristiske og veldig stas å lese om Korfu
✦ rosa himmel over fjella på Sjøholt
✦ Loulou blei tre år tidlegare denne veka, sjå kor søt ho var (og er, så klart)
✦ regnet på ruta ein dag me sat inne og las i stova hos svigers
✦ endeleg stikke innom butikken Fredag i Gamle Lærdalsøyri, og det på ein fredag!
✦ dei kule pingvinane og ein sel-fie i lag med (nettopp) ein sel i Atlanterhavsparken
✦ blir heilt bergtatt av videoane til Jonna (har du ikkje sett dei før, bør du sjekke ut den nyaste)
✦ alle dei høge og vakre fjella me har i landet vårt
✦ sitje ute på balkongen og lese litt i sola i dag
✦ boka Dear Rosie Hughes med brevveksling som skriveform, likte den veldig godt
✦ helse på nysgjerrige sauar då me gjekk Vindhellavegen og Sverrestigen
✦ Trankokeriet Antikk midt i Ålesund – fann ikkje noko, men artig å gå rundt og berre titte
✦ kaffi og lunsj på stamkaféen Tante Bruun
✦ overnatte på Vangsgaarden Gjestgiveri i Aurland der me las og (eg beundra blondeduken)
✦ Villa Lofoten – dette er ein overnattingsplass heilt etter min smak, takk for tipset, Et katteliv
✦ høyre på bilturspelelista vår og lese medan me køyrde av garde
✦ kan varmt anbefale Sogndal Lodge med den koselegaste lesekroken
✦ besøke tanta og kusina mi i Florø, og få vere litt i lag med den aller søtaste kamuflasjehunden

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Hmm.... Syntes det var noe kjent med mønsteret på puta under lesebrettet - og så skjønte jeg plutselig hva det var :-) Ikke mange gangene vi har sittet på de putene i sommer. Spesielt ikke i juli!!

Silje sa...

Hi, hi, eg syntest den puta passa sånn til boka (fuglane) at eg var ute ein dag det regna og sneik til meg eit bilete ;) Fekk no brukt dei eit par gongar om ikkje anna :D

Legg igjen ein fin tanke