26. sep. 2022

Kaféperle langs vegen


Lurer på om dette må vere verdas koselegaste kafé. Alle dei gamle møblane, det herlege interiøret, den hyggelege stemninga. Knallgode, heimelaga kaker (blåbærostekake = tipp, topp, tommel opp) og smilande folk bak kassa. Viss du køyrer forbi Sjøholt, viss du er på veg mellom Ålesund og Molde, berre må du stikke innom Stolt Mat. For å sitje der og lese med ein kopp kaffi, det er tingen, det!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Kjære Silje! Takk for fin reklame for vår vakre bygd :-) Har forstått at dere liker denne butikken (m. kafe) veldig godt. Men skam å si så har vi som fastboende enda ikke vært innom for å prøve kaffeserveringa. Skam for oss!

Silje sa...

Stolt Mat er verkeleg ein finfin plass å setje seg ned og berre slappe av. Gode kaker, koseleg interiør og veldig hyggelege folk, denne kaféen fortener å bli nemnt! :D

Legg igjen ein fin tanke