28. mai 2018

Fem flotte, fine og fargeglade bruktfunn

Slik kan det gå når ein bur i gåavstand frå to ganske store gjenbruksbutikkar. Ikkje lenge før eg reiste hit, tok eg ei opprydding i klesskapet og klarte å kvitte meg med ein liten haug med klede som eg gav til Fretex. Idéen var jo å ikkje kjøpe masse nytt, for eg har det meste eg treng. Men altså, når ein finn to kjolar, to T-skjortar og ein cardigan til omtrent 160 kr, då er det ikkje berre berre å gå forbi ;) Den kongeblå kjolen med frynsene er ermelaus og passar perfekt til ein litt varm sommardag. Må nok stryke den før eg kan ta den i bruk, men fargen og passforma er akkurat slik eg vil ha det. Ein kvit cardigan med blå striper og grøn kant blir ein sikker vinnar, og eg gleder meg til å kunne vere akkurat passe pynta med den svarte kjolen. Tok også med meg ei oransjeraud T-skjorte med små puffermer og ei herleg grøn T-skjorte i strukturstrikk. Fem supre bruktfunn!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Mathilde Nicoline sa...

Oooo, den grønne var dødsfin! Jeg har superdilla på grønn om dagen.

Silje sa...

Grøn er ein farge som eg fyrst dei seinaste åra har byrja å like :) Liker godt denne toppen, både fargen, strukturen og fasongen :D

Legg igjen ein fin tanke