19. sep. 2019

Regnvêrsdag i flotte Visby

Fargerike blomar og grøne tre, flotte steinbenkar og gamle trebenkar. Midt i Visby ligg det ein botanisk hage, og sjølv om regnet datt ned den dagen me kom dit, traska me litt rundt i hagen. Hugsar me besøkte den botaniske hagen i Brooklyn, ein kjempeflott hage i Praha og den botaniske hagen på Ullandhaug her i byen. For det gir ei så god kjensle og ei ro å gå i slike hagar, kjenne dufta av blomar, bli glad av alle fargane, setje seg ned på ein benk for å lese i ei bra bok. Senke skuldrene.


Medan me var i byen, høyrde me kyrkjeklokker og ein nydeleg song frå desse. Visby domkyrkje er den tredje eldste kyrkja i byen og er frå 1225. Storslått å sjå inne i kyrkja før me tok ein tur til mellomaldermarknaden. Her var det både mat og drikke som passa til temaet i tillegg til fleire buer med handarbeid og anna der mykje var inspirert av mellomalderen. Stilig! Me søkte ly for regnet og fann ein kjempekoseleg kafé, Hedbergs Bok o Musikkafé, der me slappa av med kaffi og smakte på saffranspannakaka, ein gotlandsk spesialitet. Eit veldig bra fyrsteinntrykk av Gotland.

Legg igjen ein fin tanke