17. sep. 2019

Koseleg og sjarmerande atmosfære

Tittelen seier det meste, for atmosfæren ved Gula Hönan var verkeleg herleg sjarmerande og veldig koseleg. Alt frå den kongeblå døra til alle dei gamle bileta i forskjellige stilar på veggen ute på terrassen. Og den gode maten! Dagen etter at me hadde innlosjert oss, skulle dei ha grillbuffe i restauranten, og me tinga eit bord. Så mykje godt å velje mellom og eg hadde på meg den nye, gule sommarkjolen. Kjempefin kveld! Om morgonen tok me ofte ein ekstra kopp med kaffi ute saman med ein liten bit søtt attåt. Rommet vårt var heilt greitt med ein god seng, og i eit bygg litt for seg sjølv kunne ein ta i bruk eit felleskjøkken. Stilen kunne minne meg om eit gammalt skulekjøkken, men det var no uansett fullt brukande, og me lagte oss eit par middagar der i tillegg til lunsj.


Appelsinjuice i eit stettglas, glasbord og kvite blondegardiner. Gammalt tapet på veggane og eit langbord med ein knallgod frukost. Lyset som skein inn på den fine veggen både morgon og kveld, og lysekrona som kanskje kan likne på den i The Phantom of the Opera. Ein god, gammal lesestol og ein sofa i same stilen. Å starte dagane våre på Gotland her var ei sann glede kvar morgon.

Legg igjen ein fin tanke