2. sep. 2019

Kolmårdens djurpark

Hei, hei på ein måndag, den fyrste i september. Veit ikkje heilt om eg liker at hausten no offisielt er i gong, men det går seg nok til slik det gjer kvart år. I dag kjem fyrste blogginnlegg  frå Kolmårdens djurpark. Som alltid når me besøker slike plassar (til dømes Tiergarten i Berlin), er eg noko ambivalent, for mange av dyra høyrer ikkje til i det landet eller den verdsdelen dei no bur i. Samstundes, mange av dyreparkane gjer ein kjempegod jobb når det gjeld å ta vare på og fostre opp utryddingstrua dyr. Kolmården har eit slikt oppdrag, og ein kan også vere med å støtte arbeidet dei gjer. Alt i alt hadde me ein kjempefin dag i parken og det var ei god oppleving. Geiter er alltid like søte, og i Kolmården fekk ein også lov til å klappe dei. Og så ser dei så nøgde ut med hovudet i sky!


Kvar dag kan ein blant anna få oppleve mating av dyra, og me var klare til å sjå då bjørnane skulle få mat. Maten var gøymt forskjellige plassar på området til bjørnane, så dei måtte leite  litt og jobbe for å finne noko å ete, akkurat slik det er i naturen. Tre av bjørnane var små, og dei leikeslost og var samstundes så søte. Skjelpadde og tre emuar – trur i alle fall at det var emuar – såg me også på vår veg. Sola varma og det var ein herleg og fin sommardag, perfekt for å gå ute i ein slik park.


Eit av høgdepunkta var absolutt å få sjå den raude pandaen. Har du sett noko så søtt? Dei ser så snille ut i andletet, og den stripete halen er like sjarmerande. Eg veit eg har delt fleire videosnuttar i sundagslistene mine med raude pandaer, for dei er berre så herlege. Den raude pandaen er dessverre raudlista, altså sterkt utryddingstrua, og eg er glad for at mange dyreparkar tar dette på alvor. Her får dei leike høgt i trea, eller nede på bakken, dei får mat og dei har ein plass å vere.

Legg igjen ein fin tanke