20. sep. 2019

Fargerike blomar på ein fredag

Fredag og helg. Nesten. For eg skal jobbe denne helga, både i morgon og på sundag. Men eg slappar av no før seinvakta (og helgevakta) med litt kaffi og bok, så eg får no ei kjensle av helg likevel ;) Gjekk nyleg ein tur ikkje langt unna Vålandsparken, og eg måtte stoppe eit par gongar for å ta fram mobilen. For desse fargerike villblomane klarte eg ikkje å berre gå forbi. Sjølv på ein grå dag vil slike blomar – og ikkje minst fargar generelt – gjere meg glad. Ønskjer deg ei fargerik helg!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så nydelige blomster ♥ Og heldige dere som fortsatt har det litt sommerlig. Her nord kommer snøen krypende nedover fjellet. Alt for tidlig spør du meg. Helgeklem fra oss i kattelivet ;)

Silje sa...

Hi, hi, her er det sol og (nesten) sommar i dag :) Herleg med fine haustdagar. Helgeklem rett tilbake ❤️

Legg igjen ein fin tanke