12. sep. 2019

Alltid like godt

Lukta og smaken av nybakt brød, det er lite som kan slå det. Eller, kaffi er alltid høgt på lista mi, så kanskje skal eg heller seie at dei deler fyrsteplassen?! Tihi! Mannen min er god på å bake brød, og eg håper han veit kor takksam eg er for kjøkkenferdigheitene hans. Biletet over blei tatt i mørket i går kveld, ikkje så lenge før me kom oss til sengs. Ikkje overraskande har eg difor i dag hatt med meg skiver av heimelaga brød som matpakke, det er sånn som er kvardagsglede, det.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Åååå nybakt brød. Finnes det noe bedre?! Så heldig du er som har en baker i huset ;)

Silje sa...

Må jo vere noko av det beste som finst! :) God helg, Ida! <3

Legg igjen ein fin tanke