21. aug. 2019

Keramikk og glas til heimen

Keramikk og loppis, to ting dei verkeleg er gode på ute på Gotland. Mykje rart på loppisane, men eg fann ein liten vase som eg får vise seinare. For keramikk fann me, og eg ønskjer å vise det me tok me heim her på bloggen i kveld. Til saman var me vel innom ein fem-seks keramikkbutikkar, dei fleste små bedriftar. Ikkje alt er vår stil, men kjekt å stikke innom og slå av ein prat med hyggelege keramikarar. Den største butikken me besøkte var Etelhems Krukmakeri. Her er det keramikk i mange forskjellige stilar, laga av dryge tjue ulike personar. Noko for ein kvar smak med andre ord :) To grøne og kvite skåler i litt ulikt design og fasong blei med oss heim i kofferten. I ein mykje mindre butikk, nemleg Eke Kakelmakeri & Lantgård. Fann ei fin blomsterpotte med herlege, turkise stripar og søte føter. Til slutt var me også innom ein glasbutikk i Roma. Ja, tettstaden heiter faktisk det. Roma Glasbruk har også litt av kvart, men me fall ekstra for dei små karaflane. Me fann ein i ein lysegrøn farge og den er i tillegg i den same stilen som den store me har. Gleder meg til å desse i bruk!

Legg igjen ein fin tanke