9. sep. 2019

Visby med sine små hus og fargerike blomar

Tidleg opp i dag, og det blir visst endå tidlegare i morgon. Nokon morgonfugl er eg ikkje, men det går no sånn toleleg greitt. Uansett. Bileta over er tatt i Visby og viser bymuren og utsikta over den flotte byen frå eit utsiktspunkt. Visby er ein av dei best bevarte mellomalderbyane i Skandinavia, og det kan ein sjå tydeleg når ein går omkring i byen, og kanskje særskilt når ein tittar på bymuren.


Sukk, finaste og vakraste Visby. Berre tenk å kunne bu i eit slikt hus, så lite og søtt, med høge og fargerike blomar rett utanfor inngangsdøra. Idyll! Okei, kanskje ikkje om sommaren når det kjem ørten turistar (blant anna oss) som ønskjer å sjå det aller meste, kanskje ikkje akkurat då. Men sånn elles. Crêperie i eit smalt hus og ein gammal brannstasjon i den kulaste stilen, eg diggar det. Kvart år når me skriv veke 32, er det tid for det dei kallar "medeltidsveckan", på norsk "mellomalderveka". Me kom der akkurat på tampen av den veka, og innimellom såg me folk som var kledde i mellomalderklede traske rundt i gatene. Stilig! Visby, du viste deg frå di beste side!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Dit har jeg SÅ lyst å dra ;) Hvordan syns dere det ellers var på Gotland?

Silje sa...

Gotland må absolutt sjåast og opplevast! Kjem fleire blogginnlegg etter kvart, men vakker natur og veldig koseleg stemning :D

Legg igjen ein fin tanke