18. sep. 2019

"Naturen er full av musikk og toner" 🍃🎶

Filmen har eg sett mange, mange gongar, på scenen har eg sett den ein gong i fullversjon i Sola kulturhus og ein gong som konsertversjon her i byen eit par år tilbake. Songane kan eg plutseleg byrje å nynne på, og heime på Sola har dei LP-en med musikken frå filmversjonen. No var det på tide å sjå den på scenen på ny, denne gongen i Oslo på Folketeateret. Kva musikal er det eg snakkar om? Joda, det er The Sound of Music. Viss eg ikkje har talt feil, er det den sjette musikalen eg ser ved Folketeateret, alle produsert av Scenekvelder. Og eg storkoste meg! Forventningane blei innfridd, eg sat der og gliste frå topp til tå og så klart kom det nokre tårer då dei byrja å spele Edelweiss og Gå dine veier (Climb Ev'ry Mountain). Lena Kristin Ellingsen er ei sprudlande og varm Maria, Håvard Bakke viser ei sårbarheit bak det strenge andletet til kaptein von Trapp og Solveig Kringlebotn får verkeleg vist si stemme som Abedissen. Kulissane er storslåtte og fungerer ypperleg på den roterande scenen og alle på scenen gjer gode prestasjonar. Eg må så klart nemne dei nede i orkestegrava litt ekstra, for eg veit korleis det er å sitje der nede sjølv. Takk for den jobben de gjer, de er supergode! Og eit ekstra heiarop til trommisen, for han var ein av dei eg gjekk saman med på musikklinja på vidaregåande! Har du moglegheita, er dette ei oppsetting du bør få med deg!

Legg igjen ein fin tanke