29. sep. 2019

Sundagsliste skriven på Sunnmøre

Full rulle her oppe på Sunnmøre, og dagen har gått unna i ein fei. Nokon har vore på ridetur, ein har jobba littegrann og andre har spelt brettspel. Til middag var me alle ti ute på restaurant og åt buffe medan det no er tid for litt avslapping. Ute regnar det og tåka ligg over fjella, men me var no heldige dei fyrste dagane me var her. Sol, knallblå himmel og over femten gradar. Kjekt å vere her, treffe familie igjen og berre vere utanfor Stavanger ei vekes tid. For sjølv om eg stortrivst i byen, kjenner eg at det gjer godt å sjå noko anna innimellom også. Treng ikkje å vere meir enn ein tur til hytta for den saks skuld. Starta veka på jobb før langhelga tok til etter vakta på onsdag. Leigebil, Hurtigruten og sidan Sjøholt. Her har eg starta kvar dag med kaffi og bok (etter frukosten, altså), me pratar med dei andre, klappar pusen og beundrar den vakraste solnedgangen. Eg ligg eit godt stykke når det gjeld blogginnlegga: eg har framleis eit par igjen frå Sverige, den lille helga i Oslo og no her frå Sunnmøre. Men eg stressar ikkje, for no vil eg vere med dei fine folka og så kan eg heller ha noko å sjå tilbake på når dei grå haustdagane kjem. Likevel, ei sundagsliste har eg fått laga til:

✦ Absent in the Spring, ein roman av krimdronninga, skriven under pseudonymet May Westmacott
✦ sjå den aller siste episoden av finaste Poldark på NRK Nett-TV
✦ og sesongfinalen av Mindhunter
✦ koseleg interiør på veggen i den eine kaféen på MS Nordkapp
✦ kjenner meg igjen her, og måtte difor le litt høgt: "21 Types of Orchestral Players"
✦ starte fredagen med songen Balladen om Morgan Kane på radioen, ein kopp kaffi og fjellutsikta
✦ lage ferdig ny postkortbok
✦ herlege sitat frå den aller kulaste The Princess Bride
✦ vår vanlege tur til Devoldfabrikken når me fyrst er her, og det same med Kyrkjetorget
✦ setje av tid om morgonen desse fridagane til å lese
✦ blir glad av å sjå dette innlegget med alpakkaer inne hos Alicia
✦ kvalitetstid med finaste Jeremias
✦ treffe svigers, svograne, svigerinna og tanteungane – ein herleg gjeng alle saman
✦ haustfargar på tunet her hos svigers
✦ vere ei lita stund nede i fjæra i finvêret på torsdag
kjempesøte flygepungekorn og ein dachshund
✦ den nye boka Evvie Drake Starts Over synest eg var veldig fin og god
✦ køyre til Bergen og ta Hurtigruten, vakne opp nesten i Ålesund og ete god frukost med utsikt

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Kjempefin liste som vanlig ;) Og nyt ferien din Silje. Bloggen har ikke ondt av å vente litt. Dette er jeg blitt mye flinkere på selv i det siste. Og bare nyte fine stunder, og ikke tenke så mye på hva jeg burde ha gjort ;)

Silje sa...

Liker så godt å lese kommentarane dine, Ida! Det gjer meg glad og varm om hjartet ♥ Me har hatt det fint her oppe, og i kveld byrjar heimturen med Hurtigruten Molde-Bergen. Trur det blir ein fin tur :)

Legg igjen ein fin tanke