1. sep. 2019

Loppisfunn, jobbhelg og ei hyttebok

I helga har det vore stupestemne i svømmehallen, og sidan det var mi jobbhelg, har eg vore der mesteparten av helga. Kunne jo ta eit par pausar innimellom, og eg har dimed sett på mange gode stuparar som har stupt både frå 1-meteren, 3-meteren og 5-meteren. Stilig! Sidan eg har jobba kveldsskift denne veka, har eg for det meste lese og sett litt på ein serie eller to før jobb, og dagane har foke ganske så fort. Dette var den fyrste veka med vanlege opningstider etter sommartidene og to veker stengt på grunn av vedlikehald. Godt å komme ordentleg i gong igjen. Som vanleg har det blitt mykje kaffi og kjekke bøker, eg håper det aldri går ei veke utan. Tenkjer me skal prøve å komme oss til sengs om ikkje så altfor lenge, med kvar vår bok. Noko av det finaste er å lese i kvar vår bok for ei stund, saman, berre oss to. I sofaen, på senga eller ute i hagen slik me gjorde på Gula Hönan. Leseglede! Då gjenstår det berre å seie "god kveld" og vise til vekas høgdepunkt:

✦ fann denne lille vasen i nydelege sjatteringar på Tellungs loppis ute på Gotland
✦ "Top 10 Funniest Musicals"The Book of Mormon og The Producers er høgt oppe på lista
✦ kjekt å ha jobbhelg når ein kan sjå på stuping innimellom
✦ Are Kalvø, altså – Hyttebok frå helvete er berre så artig og eg lo høgt mange gongar
✦ traileren til den tredje sesongen av Anne with an E
✦ få ei kanelbolle frå arrangørane under stupestemne, og den smakte heilt fortreffeleg
✦ ein finfin golden retriever og ein nusseleg liten kattunge, like fine som dei i førre sundagsliste
✦ bruke det nye, grøne armbåndet som eg kjøpte i Visby
✦ stilig å sjå dei nye måleria som Jonna har måla med naturpigmentar
✦ fortsetje å sjå Shetland og Poldark på NRK Nett-TV
✦ diggar Pokémon-figurane og sitatet frå Good Omens som mannen min har på kontordøra
✦ lengtar tilbake til Gotland når eg ser dette og dette inne hos Emma
✦ ein stor cappuccino på kafé
✦ me har det flott i Noreg, noko ein kan sjå i dette blogginnlegget om ein båltur
✦ "Ting som jeg har lært i sommer" – å, slike lister er alltid så kjekke og fine å lese
✦ fint og sårt å lese den kritikarroste boka Alle andre av Sally Rooney
✦ at Sandes-designar Turid Gramstad Oliver er slått til riddar
✦ litt treig her, dette var førre sundag, men koseleg med middag og knallgod dessert heime på Sola

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Jeg er så glad for disse listene dine Silje ♥ For det var nemlig du som gjorde meg oppmerksom på at tredje sesongen av Anne with an E skal begynne snart ;) Her er alltid så mye fint å finne. Og igjen takk for at du deler.

Silje sa...

Å, finaste du! Eg blir like glad kvar gong nokon seier at dei liker desse listene, og kommentarane dine er alltid så fine, dei varmar godt ♥ Gleder meg til tredje sesong, og så klart ønskjer eg å dele innlegg når dei er godt skrivne og eg tenkjer at andre kan få glede av dei!

Legg igjen ein fin tanke