7. sep. 2019

Grasiøse dyr

Neste bileteserie frå djurparken i Kolmården kan du sjå her på bloggen i dag. Innlegget er publisert på førehand, for me er jo i Oslo og eg antar at me er ute på eit museum, ein butikk eller liknande før musikalen seinare i kveld. Men over til Kolmården. Dei har mange forskjellige dyr der, og me titta på dei aller fleste. Tok ikkje bilete overalt, då hadde minnekortet blitt fullt ;) Men den majestetiske tigeren som luska over graset måtte eg ta eit par bilete av. Og så såg me ein dhole, eit dyr eg ikkje kan hugse å ha sett før. Det er ein asiatisk villhund, og den låg så søtt og sov inntil eit tre.


Saman med den raude pandaen, var nok delfinshowet "Life" det store høgdepunktet den dagen me var i parken. For eit flott show med knallbra lysdesign og videoar i bakgrunn, i tillegg til musikk frå kjente filmar, spelt inn av Norrköpings Symfoniorkester. Og så klart med dei fine delfinane i fokus Som eg skreiv i førre innlegg, er eg litt ambivalent når det gjeld slike plassar og show, det må eg innrømme. Men ved Kolmårdes djurpark oppmuntrar dei delfinens naturlige atferd, dei har forska på deira måte å bruke ekkolodd på og dei trenar dei kvar dag, med andre ord dei får svømme mykje og har stor boltreplass (ein kan lese meir her). Kjempefascinerande å sjå dei hoppe høgt opp frå vatnet, sjå dei leike saman og vinke til publikum. Delfinar er verkeleg nokre grasiøse dyr.

Legg igjen ein fin tanke