3. sep. 2019

Vink til ein ny månad v9

Den blå, slitte benken lever sitt eige liv. Neida, eg skjønner at det er personar som i ny og me flyttar på den, alt etter kor sola er eller noko sånn. Men så mykje som den flyttar på seg, skulle ein nesten tru at den har ein eigen vilje, ha, ha! Ikkje berre benken det skulle handle om, det er september, den fyrste haustmånaden er her. Graset er framleis ganske grønt, det same med blada på trea, men eg byrjar å sjå eit hint av brunt på trea. Det er færre campinggjestar ved Mosvangen, ein merkar at det er blitt haust. Vel, vel, skal lese litt og ete lunsj før det er etter kvart er seinvakta på jobb.

Legg igjen ein fin tanke