6. sep. 2019

Lesing på ein benk rett før jobb

Så klart har eg med meg bok på toget, og det er der me er akkurat no. Eg håper eg får lese ein del i løpet av timane me sit der i kvart vårt sete medan landskapet fyk forbi ute. Vêret førre veke var noko betre enn denne veka, så ein av dagane før eg byrja på jobb, sykla eg litt tidlegare og fann meg ein benk i sola. Tok fram boka som eg hadde i sekken, og sat der i ein ti minutts tid. Ikkje særskilt lenge, men lenge nok til at eg fekk lese ein del sider, kjenne sola varme og lade opp til kveldsvakta.

Legg igjen ein fin tanke