5. sep. 2019

Humpete togtur på ei smalsporstrekning i Sverige


Fri i dag sidan eg gjekk av skiftet mitt i går, og mellom kvart skift har eg fire dagar fri. Tek det heilt med ro, les i ei bok, ser ein film og pakkar ein bitteliten haug med klede. I morgon tar me nemleg toget til Oslo og på laurdag blir det The Sound of Music på Folketeateret. Viss eg ikkje tar feil, er det den sjette musikalen eg ser på den same scena. Eg reknar med at det blir ei bra helg! Skreiv jo om togturen på smalsporet i går, og her kjem ein liten videosnutt. Prøver å filme litt innimellom når me er ute på slike turar, men det er ikkje alltid eg hugsar det. Vel, eg fann fram mobilen og filma litt frå den humpete, avslappande og sjarmerande turen. Og i morgon ventar nok ein togtur :)

Legg igjen ein fin tanke