21. sep. 2019

Majestetisk fyrtårn

Ute på Prince Edward Island såg me fleire flotte fyrtårn, og jaggu meg finst det fleire ute på Gotland også. Det er noko med dei majestetiske tårna som står langt ute ved havgapet. Ikkje så langt unna Gula Hönan ligg När fyr. Byggåret er 1872, og er veldig karakteristisk med sine kvite stripar på raud bakgrunn. Fyrtårnet minner meg faktisk litt om det ein kan sjå i den finaste filmen Moonrise Kingdom av Wes Anderson. Estetikken og fargane er som tatt ut frå filmen. Og så steingjerdet rundt tårnet, blomane og det tørre graset, landskapet og den blå himmelen, veldig vakkert!


Nede ved sjøen låg steinane tett i tett, og me gjekk ein liten tur langs strandkanten. Mykje vind i håret, for det blåste nokså heftig den dagen. Før me drog, prøvde eg meg på eit hoppebilete foran fyret, men min betre halvdel klarte ikkje å få med føtene på biletet. Ha, ha, det ser difor eigentleg ut som om eg berre strekker hendene i vêret! Stilig med slettelandskap rett ved fyrtårnet, og på veg tilbake til vertshuset stoppa me opp og stod der ute, såg oss rundt, la merke til kor stille det var.

Legg igjen ein fin tanke