15. sep. 2019

Favorittfilm på storskjerm med live orkestermusikk

Kva har eg gjort denne veka? Tja, det har vore ei veke med dagskiftet på jobb der me alle har vore frustrerte på grunn av eit strambrot. På måndag gjekk nemleg straumen i store delar av byen, og det tok knekken på kassemaskinen. Me var altså uten kasse og bankterminal i nesten fem heile dagar. Tre personar om gongen måtte til for å fikse dette opplegget, noko som ikkje er berre berre når nokon av dei har arbeidstid til tre. Heldigvis var det fiksa før kveldsskiftet på fredag, men det er likevel lenge utan å kunne ta betalt for badegjestar og rekvisita. Sånn elles då? Jo, sett bort frå det har veka vore bra der eg har hatt kaffidate med ei av mine beste veninner, sett den fyrste Harry Potter-filmen i konserthuset med live orkestermusikk, god fredagsmiddag på Sola, kjekke bøker og korpsseminar der eg var aspirantinstruktør. Gøy å spele litt igjen, for me har nemleg såkalla partiturfri frå orkesteret fram til oktober, så det er lenge sidan eg har spelt noko særskilt på instrumentet. Fri i morgon og tysdag før eg byrjar kveldsskiftet på onsdag. Ein roleg start på veka, eg klagar ikkje på det. Prøver å vere litt tidlegare ute med vekesoppsummeringa denne sundagen:

✦ ta fram instrumentet og spele litt igjen før korpsseminaret no i helga
✦ ei liste med fraser me "totally" har fått frå serien Friends
✦ for ei kjempespennande bok: Terapeuten av Helene Flood
✦ herleg og fint om ein liten sommarfugl inne hos Birkelandshuset
✦ gå tur til biblioteket i lag med mannen min, og på vår veg såg me dei flottaste, gule blomane
✦ "Storslagen nostalgipakke" – bra melding av The Sound of Music på NRK
✦ har allereie skrive om The Lover's Dictionary, men for ei finfin bok
✦ å lese om Hilde i Noregs siste bemanna bomstasjon på Averøya i Møre og Romsdal
✦ trur neste lange togreise må bli Wales eller der omkring, alle dei gamle toga og nydeleg landskap
✦ sjå ferdig den femte sesongen av Shetland, så intens, spennande og bra
✦ blir så glad kvar gong det kjem eit nytt innlegg hos Et katteliv, no seinast "Akkura nå-lista"
✦ prat, latter og hygge på kafé i lag med ei god veninne
✦ godt skrive om det å bu i ei mindre leilegheit som familie og likevel kjenne at det er nok plass
✦ ny sesong av Eventyrlig oppussing
✦ flodhestar kan vere søte dei også, berre sjå på denne lille sjarmerande krabaten
✦ for ei oppleving å sjå den fyrste HP-filmen på storskjerm medan SSO spelte musikken på scenen
✦ måtte småhumre av dette paret som fekk tatt trulovingsbilete i den vittige 80-talsstilen
✦ ikkje så ille å sykle tidleg til jobb når ein får oppleve den vakraste soloppgangen over byen
✦ for ein mann og for ein herleg humor: Lost Voice Guy i programmet Britain's Got Talent
✦ nysteikt brød på ein elles vanleg kvardag

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Synne sa...

Åååh, sånne konserter der orkestre spiller kjent og kjær musikk fra filmer (eller spill, i noen av mine tilfeller) er så stas! Jeg ender alltid opp med å gråte litt, hoho. Søte dyr, gode bøker, fine soloppganger og treff på kafé slår heller aldri feil! Håper du får en fortsatt fin september!

Silje sa...

Ordentleg gåsehudfaktor på den konserten, ja! Satsar på fleire slike kinokonsertopplevingar! :D Ønskjer deg også ein flott september og ein herleg haust <3

Ida sa...

FOR en magisk fin søndagsliste! Friends-fraser, togreise i Wales, tur til biblioteket med kjæresten, Shetland, den magiske Harry Pottermusikken, Lindas fine leilighet og nybakt brød. Kan det bli bedre! ;) Atter en gang takk for de fine listene dine Silje ♥ Jeg koser meg SÅ mye med de. Ønsker deg en nydelig fin uke! Klem fra meg og Bianco.

Silje sa...

Er så fint å lese at du og andre liker desse listene, for det er jo akkurat det eg ønskjer: at eg kan glede andre! Og fine deg, liker så godt bloggen din, bileta dine og alle dei herlege kommentarane du legg igjen her, takk! Hels så mykje til Bianco, klem! ❤️

Legg igjen ein fin tanke