10. sep. 2019

Om kjærleik i ei slags ordbok

Kjærleik, det å vere to, å elske nokon. Nyleg las eg ut David Levithan si bok The Lover's Dictionary. Den er skriven som ei slags ordbok der det alfabetisk er plukka ut enkelte ord som forfattaren har skrive små kjærleikstekstar til. Nydelege tekstar, nokre såre og andre vakre og mange av dei trur eg me alle kan kjenne oss igjen i. Eg likte særskilt godt ein av dei fyrste, nemleg autonomy: ""I want my books to have their own shelves," you said, and that’s how I knew it would be okay to live together." (s. 28). Og så ineffable, eit ord eg for alltid vil assosiere med kulaste Good Omens. Hi, hi! Har du ei god bok eller to som du har lese i det siste? Eg tar alltid i mot boktips :)

Legg igjen ein fin tanke