5. sep. 2019

Västervik og Gotlandsferja

Etter å ha vore med smalsportoget tur-retur Hultsfred-Västervik, fann me tilbake til bilen og køyrde så til Västervik. Høyrest sikkert rart ut å køyre tilbake dit, for me kunne ha gått av toget der viss me ville. Men me hadde jo leigebilen, og då var det like greitt å sitje på tilbake til Hultsfred og køyre dit me skulle overnatte. Frå Västervik kan ein nemleg ta ferja over til Gotland, i tillegg til frå Nynäshamn og Oskarshamn. Ferja skulle gå tidleg laurdag morgon, og det å finne hotell med tidleg frukost i helga er ikkje berre berre. Men me enda opp på Hotell Kungsljus som hadde eit triveleg hotellrom med leseplass og ein grei frukost morgonen etter. Fredagskveld åt me ein enkel middag på ein uterestaurant midt i Västervik, og medan me sat der, fekk me med oss ein nydeleg solnedgang over byen. Tidlegare på dagen åt me lunsj i Hultsfred og då smakte me på ein annleis og god Cola. Ferja over til Gotland tar omtrent tre timar, og me slappa av og snakka litt om kva me ville sjå og oppleve ute på øya. Knipsa eit bilete av mønsteret og fargane på seta; dei var garantert frå eit anna tiår, men ganske kule likevel. Neste stopp var Gotland og mellomalderbyen Visby.

Legg igjen ein fin tanke