8. aug. 2016

Alltid Kyrkjetorget

Ein ordentleg grå måndag her i byen i dag. Då er det greitt å ha ei god bok å lese eller fine bilete å sjå på. Slik som desse bileta i dagens bloggpost. For to veker sidan akkurat på dagen, var me ein tur innom den store bruktbutikken Kyrkjetorget på Sjøholt (etter å ha vore ein tur i fjæra). Litt vanskeleg å få med oss store ting som den sofaen, men me må likevel alltid innom for å sjå oss omkring. Og sjølv om eg veit at me har nok servise, er det alltid kjekt å sjå på gamle servise frå Egersund, Figgjo, Stavangerflint med meir. Mønstera er så kule – retro og fargesterke.


Dei blå blomane fall eg veldig for, men sjølv om eg kunne ha kjøpt meg ein kopp og hatt med heim, vil eg ikkje øydeleggje eit heilt sett. Slik var det også med dei seks tallerkenane frå Stavangerflint i serien Siljan. Fargane hadde passa rett inn i stova vår, og det same med det kule mønsteret.


Ganske stort vil eg no påstå. Til slutt måtte eg berre ta eit bilete av denne store bamsen med følgjande lapp: "Er jeg bra nok for deg?". Hadde fint tatt den med viss me hadde hatt plass ;)

Legg igjen ein fin tanke