13. sep. 2019

Tandemdresintur på Ålgårdbanen 🛤

Nesten tre veker har allereie gått sidan me køyrde ut til Figgjo og Ålgårdbanen. Han hadde fått eit gåvekort av meg til jul, og det var ein tur for to på tandemdresinen ute på Ålgårdbanen. Tandemdresin, eller dresin generelt, er noko me ikkje har prøvd før, men det er alltid spennande å prøve noko nytt. Ålgårdbanen har ei lang historie og opna i 1924. Etter at dei på midten av 50-talet la ned passasjertrafikken, var det berre godstog som gjekk langs denne ruta. Til slutt blei også det lagt ned, og no fungerer Ålgårdbanen som ei tandemdresinrute i regi av Ålgårdbanens venner.


Når ein syklar denne ruta, syklar ein langs Figgjo, ofte kalla Figgjoelva. Kyrne stod på den andre sida og beita, innimellom hadde haustfargane byrja å dukke opp og andre plassar var det soppar i den sterkaste fargen. Ein seinsommarsundag med sol og herleg temperatur, og me fekk sjå Ålgårdbanen og landskapet rundt på sitt aller beste. Ålgårdbanen har ei usikker framtid – politikarane klarer ikkje å bestemme seg for å om heile banen skal rivast slik at det blir friområde eller om ein skal drifte slik det er i dag og på sikt kanskje få til togtrafikk her igjen. Å kunne bevare den slik den er no, med ein liten sti langs togskjenene for dei som vil gå – eller sykle på vanleg sykkel – og ein tandemdresin på skjenene for dei som ønskjer det, synest i alle fall eg er akkurat passe. Dette er jo faktisk historie og så er det ei kul oppleving ein ikkje finn overalt.


Ein kan velje mellom to forskjellige ruter, ein mellom Figgjo–Ålgård og ein mellom Figgjo–Foss-Eikeland. Me tok den lengste, og den stoppar ved Foss-Eikeland. Vel framme der, måtte me snu tandemdresinen. Ikkje noko problem, og før me byrja på vegen tilbake til Figgjo, fann me fram Mummikoppar og kaffi på termos. Ingen tvil om at me koste oss på tur. Latter og store smil, artig å gjere noko nytt og tandemdresinsykling er ein aktivitet me gjerne kan finne på å gjere igjen!

Legg igjen ein fin tanke