11. sep. 2019

Det koselege vertshuset Gula Hönan

Vertshuset Gula Hönan. Ein idyllisk plass å bu då me var ei snau veke på Gotland. Me hadde tinga eit rom i det såkalla langhuset, for ein kan tinge forskjellige rom. Trur nok akkurat dei romma treng ei oppgradering, men hagen, det store huset der me åt frukost og heile gardstunet er så koseleg og flott, så for oss gjekk det greitt, og me storkoste oss her. Klede på ei snor, eit tårn på huset som liknar det i Mummidalen, ein liten dam, store solsikkar og hengekøye. Herleg sommaridyll!


Hønene sprang fritt rundt på tunet, og av og til hadde dei forvilla seg inn i kledevasken. Så artige og kule med mykje fjør. Dei er gode på å dyrke grønsaker og anna i trädgården, så mykje av maten ved frukostbordet og generelt i restauranten er sjølvdyrka. Maten i restauranten er dei veldig kjente for, noko eg skjønner godt. På dei dagane der sola stod høgt, sat me ute og las etter å ha ete lunsj eller då det nærma seg kveld. Og ein kaffi med noko søtt attåt ute i hagen er heller ikkje å forakte.


Ved eit tre stod ein gammal motorsykkel, så herleg sjarmerande. Koseleg lys ute om kvelden, og den fyrste kvelden me var der, fekk me sjå ein igelkott. Piggsvin, altså. Me gjekk på igelkottsafari nesten kvar kveld, men det var berre den fyrste gongen at me såg ein. Søt var den i alle fall. Ein lyksestolpe som tatt ut frå Narnia og ein knallgul stol i stil med resten av Gula Hönan, for ein herleg plass! Ute i hagen såg eg også ein knalloransje sommarfugl. Me hadde det veldig fint her :)

Legg igjen ein fin tanke