4. sep. 2019

Nordens lengste smalsporbane 🚂

7 mil på ei jernbane med 891 millimeter sporvidde. Mellom Hultsfred og Västervik kan ein vere med på tur med eit lite, gammalt tog som går på Nordens lengste smalsporbane. Den vanlegaste sporvidda er 1435 mm, og ein kan sjå på bileta over kor smalt den jernbanevidda faktisk er. Fargen på toget var i friske og spreke fargar, sånn herleg retrostil. Turen fram og tilbake tok tre timar, men ein kunne velje å ta ein kortare tur viss ein ville det. Me ønskja å vere med på heile turen, og me storkoste oss. Humpete var det, men me titta ut på landskapet, slappa av og las innimellom.


Reise med tog, det er noko som me berre set meir og meir pris på. Lange turar, korte turar, turar ut i den engelske lyngheia og turar med veterantog. Eg kan ikkje få sagt det nok kor avslappande det er å sitje på toget, når toget er på tida og ein ikkje må ta buss for tog vel å merke. Det skjer eit eller anna når eg sit der, tankane fyk av garde og eg kjenner at skuldrene dett ned mange hakk. Også inne i toget var det ein retrostil, tenkjer at mykje av innreiinga er original. Gammal hattehylle, flotte fargar på seta, stemninga og ein halvvegs vellykka selfie. Kult å køyre med tog i Sverige!

Legg igjen ein fin tanke