Så klart måtte me innom lysstøyperiet då me var på Byrkjedalstunet i helga. Støyperiet opna i 1988 i det som tidlegare var eit ysteri, men har sidan blitt større med nokre påbygg. Noko av det kulaste er restebua, for det er eigentleg eit lite bygg kalla Steinskogståvå og ein kan på delar av det sjå lafteteknikken som var mykje i bruk fram til andre verdskrigen. Juleloftet blei også besøkt, og eg har gode barndomsminne frå tidlegare turar til tunet då me var små der me farga lys sjølve ved å dyppe kvite kronelys i farga stearin. Gamle bilar og store trefigurar, stearinlys i alle variantar og søte piggsvin på krus og serviettar, det er vel ingen tvil om at dette er min type gåvebutikk!
4. sep. 2026
Lysstøyperi i eit gammalt ysteri

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Legg igjen ein fin tanke