1. okt. 2024

Ennio





Fem gongar var han nominert til Oscar for beste originalmusikk, men fyrst i 2016, den sjette gongen han var nominert, vann han for musikken i filmen The Hateful Eight (han fekk ein æres-Oscar i 2007). Maestro Ennio Morricone. Førre veke såg me ferdig dokumentaren om hans liv og ikkje minst musikken hans, og tårene berre rann dei siste førtifem minutta. Ikkje fordi det var trist, men fordi musikken hans, og då særskilt frå The Mission og Cinema Paradiso, er heilt utruleg vakker. I 2019, året før han gjekk bort, var me i Oslo og fekk sjå han dirigere, og det vil for alltid stå igjen som ei av dei største musikkopplevingane. Kjærleikstemaet frå Cinema Paradiso blei jo spelt i vigsla vår, og det var stort å få spele den på konsert med orkesteret for to år sidan (så som du skjønner, betyr Morricones musikk mykje). Dokumentaren om Morricone, som ligge ute på NRK Nett-TV, er regissert av Guiseppe Tornatore, ein italiensk regissør som Morricone samarbeidde med på heile tretten filmar. Me kjenner jo godt musikken til The Good, the Bad and the Ugly, The Untouchables, Once Upon a Time in America og dei andre eg allereie har nemnt i innlegget, men det var mange filmar me ikkje hadde høyrt om. Dokumentaren går kronologisk til verks, og det var interessant å få meir kjennskap til andre filmar og komposisjonar. Over kan ein sjå traileren til dokumentaren, og så har eg lagt ved ein video der Morricone dirigerer musikken frå The Mission. Dei fleste kjenner "Gabriel's Oboe", men musikken frå filmen er så mykje meir, høyr berre korleis dei forskjellige temaa frå filmen ligg oppå kvarandre mot slutten av stykket – det er filmmusikkens magi, det.

Legg igjen ein fin tanke