3. feb. 2019

Mange varierte og kjekke ting denne veka

Eit lite "hei" frå Bergen. No er me nemleg på veg heim, og den starta då me tok bussen til Molde i går kveld og deretter Hurtigruten frå Molde til Bergen. Hadde bestilt lugar og sov heilt greitt gjennom natta (ein del lydar høyrde me jo, og då særskilt frå luka då båten la til kai), og i dag tidleg åt me ein god frukost. Hotellfrukost. Det har verkeleg vore ei varierte veke med konsert, tog og buss, mykje lesing, nydelege solnedgangar, kattekos, vinterlandskap og no til slutt ei natt om bord på båten. Me kom i land her i Bergen halv tre, og har resten av dagen vore med ei kusine av mannen min. Det er også hos henne me skal vere til i morgon, og i morgon er det siste etappe der me tar Fjord Line frå Bergen til Risavika. Litt av ein rundtur. Og tenk: når me kjem tilbake, er badet vårt ferdig. Stor stas! Nok for i kveld og denne veka, resten av mi veke kan du lese rett under:

✦ vekas høgdepunkt var å høyre Ennio Morricone i Telenor Arena måndagskveld
✦ apropos Morricone: les gjerne denne på NRK og denne på aftenbladet.no (abonnement)
✦ få eit jobbtilbod i svømmehallen
✦ "Mens du sover på sofaen" – lita og vakker kjærleikstekst inne hos Et katteliv
✦ den alltid nydelege solnedgangen på Sunnmøre
✦ lese ut den surrealistiske og artige røvarhistorien Vestlandet
✦ og ein "Disneyhimmel" inne på same bloggen
✦ vere i lag med finaste Jeremias
✦ køyre forbi Eidsvoll og generelt ta tog og buss frå aust til nord-vest
✦ for ein søt og herleg gjeng med kattunge, hund og stinkdyr
✦ fargerikt teppe og bok inne medan det snødde ned ute
✦ klappe den skjønne pusen då me var på Langhus laurdag til måndag
✦ kul filmmusikkliste med undervurderte filmmusikkalbum
✦ drikke kaffi og titte på den blomstrete smørboksen
✦ kjempeflott å lese om eit tilbod om besøksbabyar på ein sjukeheim
✦ søtaste barneboka om forelsking og venskap: En liten bok om kjærlighet (og ein kaffi latte)
✦ overnatte på Hurtigruten og ete god frukost der i dag tidleg

5 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Takk for besøket :-) En del kjente ting i de siste innlegga dine,fra utsikt og diverse hus til meisene i syrinen og kaffekoppen vår! Men de fineste bildene er jo av Mor's snille Pus - blir glad av å se dem :-) Og så Millie på Langhus da, som også vi har hilst på mange ganger. Tviler på at hun har lov til å ligge i den senga.....

Silje sa...

Hi, hi, Jeremias er jo den finaste ;) Kaffikoppen er jo ein klassikar, og utsikta like flott kvar gong me er der oppe! Alltid koseleg å vere hos dykk nokre dagar :D

Ida sa...

Herlighet, dette gikk meg hus forbi Silje. Tusen tusen takk for at du delte innlegget mitt om sofasoveren min <3 Jeg blir varm langt inni hjertet. Klem

Ida sa...

Og Disneyhimmelen ;) Tusen takk <3

Silje sa...

Berre hyggeleg! Synest det er fint å kunne dele vidare det ein sjølv set pris på :) Takk for alltid flotte kommentarar og blogginnlegg <3

Legg igjen ein fin tanke