14. sep. 2024

Ikkje berre ein musikal






Men eigentleg ein opera sidan det berre er song og ikkje dialog. Ein ekte rockeopera, for det er ikkje mykje vanleg operapreg over Jesus Christ Superstar. Eg skal ikkje skrive for mykje om sjølve musikalen, det har eg nemleg gjort fleire gongar før, mellom anna i dette innlegget, men så mykje kan eg seie at det er denne musikalen som sånn sett har vore med meg lengst i livet. For mange er det filmen frå 1973 med Ted Neeley i hovudrolla som er den utgåva av musikalen dei liker best, for meg vil det alltid vere konseptalbumet frå 1970. Jesus Christ Superstar, komponert av Andrew Llloyd Webber og med tekst av Tim Rice, byrja nemleg som eit konseptalbum, og Ian Gillian, Murray Head og Yvonne Elliman er i mine auge (eller øyre) denne rockeoperaens stemmer.

Billettane til musikalen blei tinga i desember i fjor, før ein i det heile tatt visste kven som skulle spele dei ledande rollene. I etterkant har det vore ein del snakk om kvifor Aksel Hennie, heilt utan musikalbakgrunn, blei tildelt rolla som Jesus, og eg skal innrømme at eg var litt skeptisk sjølv. Men uansett, i denne musikalen er det Judas som er den viktigaste rolla. Og gurimalla, det var gåsehudfaktor allereie då Jeppe Beck Laursen (altså Judas) song "En slags himmelsk ønskedrøm" ("Heaven on Their Minds")! Me syntest begge at den minimalistiske scenografien var råtøff, kong Herodes sin song med Bjarte Tjøstheim som Herodes var herleg overdriven, og eg likte faktisk Aksel Hennie som Jesus. Å, heilt utruleg stas å endeleg få sett denne musikalen på ei stor scene! Med Miss Saigon i fjor, var det jubileum sidan det var den tiande musikalen eg såg på Folketeateret. Jesus Christ Superstar var dimed den ellevte, heilt ypperleg produsert av Scenekvelder. Ein selfie og to i fotokiosken blei det, og me måtte så vidt han som speler trommer på musikalen. Alltid litt gøy å ha juble ekstra når orkesteret kjem på scena for applaus sidan han og eg gjekk i same klasse på vidaregåande. Bur du i Oslo, berre må du få med deg denne klassikaren av ein musikal. Eller opera ;) Før musikalen, fekk me tid til å vandre i Bogstadveien der det var bilfri dag med mange buer og yrande folkeliv. Det kjekkaste var å vandre til ei sidegate og besøke Oslo Keramikkverksted. Litt rolegare tempo og så mykje fint i den verkstaden! Lunsj og kaffipause på Northland før musikalen var det også tid til. Helgeglede nokre timar i Noregs hovudstad ein laurdag i september.

Legg igjen ein fin tanke