Hotellet me budde på i London i sommar, ligg ganske nær den finaste bokbåten Word on the Water. Dimed blei det, i år som i fjor, ein spasertur bort til Regent's Canal. Me gjorde det rett etter at me hadde lagt frå oss bagasjen sidan det var for tidleg til å sjekke inn. Ute var det bortimot tretti gradar, i våre auge litt for varmt til å gå rundt i ein storby, men turen til bokbåten var verdt det. For dei som lurer, jepp, eg blogga om denne bokhandelen tidleg i år. I fjor var me der mot slutten av ferien, medan me i år var der i starten, og sidan eg bloggar kronologisk, blei det slik denne gongen ;)
Spotify-lista har me høyrt mykje på, og det er superkult at du kan få stempla bøkene du eventuelt kjøper med eit eige bokbåtstemepl. Og i år fann me ei bok kvar som no har fått plass i bokhylla i stova vår. For meg er det heile stilen og stemninga om bord på båten; akkurat passe heimekoseleg og fargerikt, og det er så mange bra bøker å finne der. Verkeleg plassen for oss bibliofilar!

Legg igjen ein fin tanke