Eller ikkje berre ein tur på bar, men ei vandring i fotspora til sjølvaste Endeavour Morse rundt om i Oxford i juli i fjor. Via nettsida Interview Room One, fann eg eit kart over Morse-relaterte lokasjonar i Oxford. Både Hertford Bridge og Radcliffe Camera har eg lagt ut bilete av her tidlegare, men det blei ein ny tur dit faktisk to av dagane då det var litt enklare å ta bilete med tanke på sollyset. Brua var på kartet, ein lokasjon som ein kan finne på tvers av dei tre Morse-seriane (Inspector Morse, Lewis og Endeavour). Radcfliffe Camera stod ikkje på kartet, men pyttsann, det var flott å studere litt nøyare uansett. Covered market stod også på kartet, og sjølv om puben Lamb & Flag er under oppussing, traska me forbi og såg den frå utsida (den er med i fyrste episode av Endeavour). Rett over kan ein sjå eit lite bilete frå Bodleian Library der me var på omvisning eit par timar før me drog tilbake til London. Å, for ei magisk oppleving, så klart kjem det fleire bilete frå dette biblioteket!
Høgdepunktet på vår lille byvandring i Morses fotspor, var nok The Morse Bar. Inne på The Randolph Hotel har dei laga ein bar som er dedisert forfattaren av bøkene og ikkje minst den originale TV-serien. Me tinga kvar vår drink som begge hadde namn etter serien, og eg skal innrømme at det var stor stas å sitje i ein god stol i ein staseleg bar omgitt av ekte Morse-stemning. Alle detaljane, lysekronene, flaskene i vindauget og så klart ei Morse-bok i fanget. Tihi, me sat og las i bøkene våre, det gjorde me, men boka er den fjerde i serien og eg kjøpte den i Oxford før eg hadde lese bok to og tre, så den er mest med som ein liten rekvisitt. Alltid kjekt med slike litterære besøk!



Legg igjen ein fin tanke