17. mars 2026

Dagen i går



Altså, ikkje bokstaveleg tala dagen i går. Men me såg ein Studio Ghibli-film med det namnet frå 1991 her heime for ikkje så lenge sidan. På engelsk heiter den Only Yesterday medan den heiter おもひでぽろぽろpå japansk, noko ein kan omsette med "minna strøymer på". Filmen er ulik dei andre Ghibli-filmane me har sett då den ikkje inneheld fantastiske element eller ei større historie den vil fortelje. Eller, kanskje den eigentleg har noko stort å fortelje, for ofte er det dei små historiene som sit igjen. Hovudpersonen ser tilbake på barndommen sin, på kontrastane mellom bygd og by, medan ho i notida er på besøk på landet hos nokre slektningar. Eg skal ikkje skrive så mykje meir anna enn at medan den siste scena rullar på skjermen, kan ein høyre ein velkjent song. "The Rose" er skrive av Amanda McBroom, og Bette Midler gjorde den kjent i 1979-filmen med same namn. Innimellom kan eg kjenne at eg synest songen er overspelt, men då eg høyrde den i sluttscena av Dagen i går, på japansk, trilla tårene. Miyako Harumi syng den, og ho får fram ei stemning som eg trur me alle kan kjenne oss igjen i. Med eitt – sjølv om eg ikkje skjønner orda – gav songen meining. 

Legg igjen ein fin tanke